WWF trugar Staten med søksmål etter havbotnmineralavgjerd

Det er heilt avgjerande for Staten å vise at dei tek åtvaringane frå fagmiljøa på alvor i den vidare prosessen, skriver advokatfullmektig Eivind Rand Øyre.

Publisert Sist oppdatert

I dag blei det kjent at WWF varslar søksmål mot staten. Varselet kjem etter at Kongen i statsråd den 12. april avgjorde å opne eit område Norskehavet og Grønlandshavet for mineralverksemd. 

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.

WWF meiner opningsavgjerda bryt lova, fordi det ikkje er tilstrekkeleg konsekvensutgreidd. Dette får dei langt på veg støtte i frå fagmiljøa.

I høyringsprosessen knytt til konsekvensutgreiinga som låg til grunn for Stortingets handsaming av opningsforslaget, uttrykte fagmiljø som Norges Geologiske Undersøkelse og Havforskingsinstituttet bekymring for at kunnskapsgrunnlaget var for dårleg til å vite kva slags konsekvensar mineralverksemd kan få for havmiljøet.

WWF meiner difor at konsekvensutgreiinga bryt med havbotnminerallova sine krav til konsekvensutgreiing.

Eivind Rand Øyre.

- Leiteaktivitet kan påverke miljøet

Om det faktisk blir eit søksmål, og utfallet av det, blir spennande å følgje med på. Det vil ikkje vere første gong staten blir saksøkt for brot på plikta til å gjennomføre konsekvensutgreiing. Tidlegare i år tapte Staten som kjent eit slikt søksmål frå Greenpeace og Natur og Ungdom.

Opningsavgjerda frå 12. april, som utløyste søksmålsvarselet frå WWF, dreier seg om tildeling av både leiteløyve og utvinningsløyve. I pressemeldinga skriv departementet at leiteaktivitet vil ha små miljøverknader. 

I konsekvensutgreiinga som ligg til grunn for opningsavgjerda, les ein at leiteaktivitet kan påverke miljøet i form av tilføring av lys, vibrasjonar, fjerning av biologisk materiale frå havbotnen og tilføring og framand biologisk materiale. Slike påverknader kan etter omstenda reknast som forureining etter forureiningslova.

Det er likevel usikkert om og i kva grad forureiningslova gjeld for mineralutvinning på kontinentalsokkelen.

- Ikkje tryggingsmekanismar

Dersom ein utvinnar finn kommersielt interessante mineralførekomstar under leitinga, og så får tildelt utvinningsløyve, må han lage ein plan for utvinning og drift (PUD) med konsekvensutgreiing som skal godkjennast av Stortinget. 

Denne ordninga er meint å sørgje for at utvinningsplanen blir grundig fagleg og politisk handsama, og legg opp til at det først og fremst er seriøse og ressurssterke utvinnarar som får drive utvinning.

Dei same tryggingsmekanismane ligg ikkje føre i leitefasen. Havbotnminerallova stiller krav om at all verksemd etter lova skal vere forsvarleg. Kva som reknast som forsvarlege utsleppsnivå i miljøsamanheng kan det vere stor usemje om, noko Førdefjord-saka illustrerer godt. 

I Førdefjordsaka har Oslo tingrett stadfest at løyva som gav utvinnaren rett til å deponere opp til 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden var gyldige.

Departementet kan gje forskrift

Havbotnminerallova opnar for at departementet kan gje forskrift om krav til leiteaktiviteten. Her kan det stillast krav som sørgjer for at leitearbeidet skjer i tråd med sentrale miljørettslege prinsipp, slik som bruk av best tilgjengeleg teknologi, og føre var-prinsippet. Slik kan ein prøve å minimere konsekvensane dei miljøverknadene departementet allereie veit at slik leiting kan få.

Søksmålsvarselet frå WWF viser at miljøorganisasjonane følgjer Staten sine planar for havbotnen med argusaugo. Det vil difor vere heilt avgjerande for Staten å vise at dei tek åtvaringane frå fagmiljøa på alvor i den vidare prosessen. Då bør dei først sørgje for at det leitinga òg går føre seg på ein måte som skånar miljøet.

Powered by Labrador CMS