Eivind Rand Øyre.

- Regelverket for forureinings- og avfallshandtering er ikkje tilpassa havbotnmineralverksemd

Det er omdiskutert om forureiningslova sine reglar gjeld for havbotnmineralverksemd på norsk kontinentalsokkel, skriver advokatfullmektig Eivind Rand Øyre i dette innlegget. 

Publisert Sist oppdatert

Nogjeldande regelverk er truleg ikkje eigna til å møte dei særlege forureiningsutfordringane havbotnminerallova fører med seg. 

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.

Dersom den noverande utviklinga held fram, vil Noreg vere det første landet som tillèt kommersiell utvinning av havbotnmineral. Ei rad miljøorganisasjonar, politikarar og EU-parlamentet har uttrykt bekymring for kva miljøkonsekvensar slik verksemd vil føre med seg. 

Eventuelle innehavarar av framtidige utvinningsløyve vil vere under stort press til å sørgje for at miljøverknadene av mineralverksemda minimerast.

Havbotnminerallova § 5-1 pålegg den som har rett til å drive utvinning av havbotnmineral (rettshavaren) å sørgje for «forsvarlig opprydding mens arbeidene pågår». 

Mykje hovudbry for utvinnaren

Denne føresegna kan i seg sjølv tenkjast å setje visse krav til rettshavaren si handtering av overskotsmassar og fjerning av utvinningsutstyr. Gjeldande miljøregelverk pålegg òg ei føre var-tilnærming, der konsekvensane av verksemda er ukjende. 

Det er heller ikkje utenkjeleg at rettshavaren kan bli pålagt restaurerande tiltak under sjølve utvinningsarbeidet.

Slik som den aktuelle Førdefjord-saka illustrerer, kan overskotsmassar frå mineralverksemd medføre mykje hovudbry for utvinnaren. Avhengig av kva minerala ein hentar opp frå havbotn inneheld, kan det vere forbode å dumpe/deponere overskotsmassane tilbake i havet, eller å etterlate dei på havbotnen.

Osparkonvesjonen kan nemnast som eitt slikt folkerettsleg hinder. Truleg stengjer konvensjonen for deponering av såkalla avgangsmassar, ettersom det kan vere fare for at kjemikalie brukt i handsaminga av slike massar kan ha negativ påverknad på dei lokale havmiljøforholda. 

Utvinnaren kan difor vere nøydd å føre overskotsmassar til godkjende avfallshandteringsanlegg på land. Ei slik løysing er mykje dyrare enn å handtere massane på utvinningsstaden.

Oppkvervling og etterlating

Eit anna tema som fekk mykje merksemd under hovudforhandlinga i Førdefjord-saka, var verknadene av oppkvervling og etterlating av finpartikulært sediment på havbotnen.

Det er uklart i kva grad den lokale faunen på havbotnen klarer å tilpasse seg tilføring av store mengder sediment over tid. Det er heller ikkje avklart om sedimentmassar kan reknast som gjenvunne dersom dei brukast til restaureringsføremål (til dømes tilbakefylling) og difor kan etterlatast i tilknyting til utvinningsstaden.

Det er òg omdiskutert om forureiningslova sine reglar gjeld for havbotnmineralverksemd på norsk kontinentalsokkel.

Reglane om forureiningslova sitt verkeområde på kontinentalsokkelen hadde petroleumsverksemd for auga. Spørsmålet er viktigare enn det først kan sjå ut til. Det er nemleg avgjerande for kva reglar som skal gjelde for handtering av akutte forureiningsulykker som oppstår i samband med havbotnmineralverksemda.

- Regelverka må tilpassast

Det finst fleire døme enn dei eg har vist til ovanfor som viser at regelverket vi har i dag er uklart med omsyn til kva oppryddingsplikt som gjeld i utvinningsprosessen. Det er jamt over lite samsvar mellom havbotnminerallova og forureinings- og avfallshandteringsregelverket elles.

Regelverka må i større grad tilpassast dei særlege utfordringane havbotnmineralverksemd fører med seg, før det første utvinningsløyvet eventuelt blir tildelt.

Kronikken er basert på forfattarens masteroppgåve (UiB, desember 2023).

Powered by Labrador CMS