- Sjølv ein nynorskentusiast som meg må innrømma at bokmål fungerer bra i ein juridisk samanheng, skriv Jørn Øyrehagen Sunde.

Nynorsk-debatten: Motkultur sikrar kvalitet

Olav Lægreid spør om vi treng motkultur i jussen? Svaret er ja. For gjennom motkultur vert perspektiv og argument brynt mot kvarandre og foredla. Kultur og motkultur er dermed som elvesteinar som vert gjensidig slipt og runda, skriv professor Jørn Øyrehagen Sunde i dette innlegget.

Publisert Sist oppdatert

Ein treng motkultur i alle samanhengar og i alle land, men meir i Noreg enn mange andre stadar. Årsaka er at konsensus er ein overlevingsstrategi utvikla i eit klima og ein natur som krev samarbeid, som i dag pregar både politikk, næringsliv og kulturliv i Noreg.

Denne viktige konsensusdraginga må likevel utfordrast om den ikkje skal føra til stagnasjon. Motkultur er ei form for utfordring som fører til innovasjon og utviklinga.

Dette ser ein tydeleg av det norske rettsspråket. Rettsspråket ein i 1814 arva frå dansketida, var vanskeleg tilgjengeleg. Det utvikla seg og nærma seg med små steg daglegtalen i løpet av 1800-talet, men gjorde kvantesprang på andre halvdel av 1900-talet då det vart utfordra av nynorsk.

- Ikkje perfekt rettsspråk

Nynorsk er ikkje noko perfekt rettsspråk. Og Lægreid har heilt rett i at til tider manglar nynorsk gode omgrep, som til dømes «myndighet» som ikkje lett let seg omsetta med makt eller makthavar. Difor har ein enkelt løyst problemet med at ein kan skriva myndigheit på nynorsk, akkurat slik ein kan skriva leilegheit, bestilla, besøkja og elles andre ord som er klarare på bokmål enn på nynorsk.

Men nynorsk har den store føremona at det er ei handlingsorientert målform. I staden for å snakka om «beføyelse», snakkar ein konkret om dei rådeveldshandlingar ein kan gjera gjeldande. Det er det handlingsorienterte ved nynorsk som målform som har utfordra bokmål som rettsspråk.

Bokmål er omgrepsorientert, slik dansk og tysk er det. Det har som si store føremon at ein kan gjennom omgrep lenka saman ulike rettsreglar, og slik laga system som er til hjelp når ein skal tolka uklare reglar. Eit omgrep som myndigheit er eit døme på denne føremona.

Få veit kva «beføyelse» er

Ulempa er at dei juridiske omgrepa, som kan vera juristar til hjelp, ofte er uforståeleg for andre. Det er vel knapt andre enn juristar som veit kva «beføyelse» er for noko, samstundes som det er mange i samfunnet som har behov for å gjera rådeveldehandlingar gjeldande. Då får jussen eit kommunikasjonsproblem.

Juss er nemleg i den situasjonen at den både må kommunisera intern og eksternt. Det er irriterande med utilgjengeleg kunstterminologi, men det er ingen som tek skade av at dei ikkje forstår kva som vert sagt under analysen av eit kunstverk. Derimot er alle avhengige av å kunne forstå juss opp til eit visst nivå for å kunna ivareta sine rettar.

I Noreg er difor eit klart rettsspråk ein viktig del av rettstryggleiken. Slik er det ikkje i alle land, for ulike rettskulturar sikrar rettstryggleik på ulike måtar. Men eit tilgjengeleg språk har ein kopla til rettstryggleik sidan Landslova av 1274, og er altså viktig i vår rettskultur.

- Ikkje monopol på å vera motkultur

Rettsspråket i Noreg er i dag er godt. Sjølv ein nynorskentusiast som meg må innrømma at bokmål fungerer bra i ein juridisk samanheng. Men det er altså fordi bokmål og nynorsk har utfordra kvarandre, og gjort kvarandre gode. Difor treng vi motkultur.

Men nynorsk har ikkje monopol på å vera motkultur. Det at ein har fått juristar som brukar samisk i ein juridisk samanheng, til dømes i alle saker ført for tingretten i Tana, gjer òg det norske rettsspråket rikare og betre. Det same vert konsekvensen av at norsk utdanna juristar har med seg russisk, urdu, tigrinja og andre språk som ballast inn i juristkvardagen, og brukar det for å forklara norske borgarar frå desse landa innhaldet i norsk rett.

Språk er kultur

For språk er ikkje bare eit verktøy. Det er kultur. Det betyr at språk reflekterer perspektiv på verda. Når dei i England seier «that dress looks good on you», og i Irland seier «you wear that dress well», så er det eit døme på at ein i England fokuserer på det materielle og i Irland på person.

Når eg avslutningsvis går frå norsk til engelsk, er det for å visa det universelle i det som ovanfor er omtalt i samband med nynorsk og bokmål som rettsspråk. Engelsk er eit verdspråk i stadig utvikling. Det er mykje fordi det vert snakka av skottar, irar, amerikanarar, indarar, kenyanarar og oss alle. Kvar og ein av dei som nyttar engelsk legg litt av sin kultur igjen i språket, og det sikrar utvikling og innovasjon.

Norsk er ikkje eit verdsspråk. Norsk har heller ikkje 1,4 milliardar brukarar som kinesisk, eller over 100 millionar brukarar som tysk. Vår språklege utvikling og innovasjon generelt, og når det gjeld rettsspråk spesielt, har skjedd mykje gjennom konkurransen mellom bokmål og nynorsk.

Lukkelegvis vert det norske rettsspråket òg nytta av fleirspråklege – og kulturelle personar i Noreg, slik at utviklinga og innovasjonen kan halda fram.

Det var nettopp språkdugleik hos fleirkulturelle juristar som var utgangspunktet for diskusjonen med Lægreid. Han ser på fleirspråkleg bakgrunn som eit handikap, og eg ser det som ei føremon. Nynorsk som rettsspråk var ikkje eit poeng for meg, men at ein ikkje bør gjenta fortida sine feil med å forkle fordommar som objektive vurderingar av språkleg kvalitet.

Fra redaksjonen: Det siste avsnittet i teksten er lagt til 5.juni 2020.

Powered by Labrador CMS