Erlend Baldersheim meiner nynorsk kan være ein velegnet skriftform for juristar.

- Lægreid tek feil om nynorsk i jussen

- Fagspesifikke termar kan skrivast like greitt på nynorsk som på bokmål, skriv advokat Erlend Baldersheim i dette innlegget.

Publisert Sist oppdatert

I Advokatbladet 28. mai 2020 har advokat Olav Lægreid skrive litt om godt skriftleg språk i jussen, og i den samanhengen kome inn på bruken av bokmål samanlikna med nynorsk. Det finst gode og mindre gode språkbrukarar, og det finst gode og mindre gode juristar. Advokat Lægreid viser dette i sitt innlegg, som eg ønskjer å knyta nokre få merknader til.

Kritikken mot ordet «høve»

Når han etter kvart kjem til saka, begynner advokat Lægreid med å retta kritikk mot «det nynorske ordet ‘høve’», som skal vera så fleirtydig.

Her kan ein først nemna at ordet «høve» er eit vanleg norsk ord, på tvers av skriftformer, i bruk hos forfattarar som Hamsun, Bojer og Falkberget. Ein av våre fremste juristar, også når det gjeld språk og presisjon, var heller ikkje framand for ordet. Sjå Johs. Andenæs, «Domstolene og administrasjonen», Avhandlinger og foredrag (1962).

Vidare kan ein hefta seg ved at «høve» også er brukt ein del i lovene. Frå vår nære rettshistorie kan ein peika på kredittkjøpslova § 8 første avsnitt og tvistemålslova § 204 nr. 2 andre avsnitt, § 212 andre avsnitt og § 373 tredje avsnitt nr. 2. I tillegg kan ein minna om vederlagslova 1974 § 5, kor ordet «høve» stod i overskrifta. Ordvalet skapte ikkje hovudbry då paragrafen kom under lupa i plenum. Sjå nærare i Norsk Retstidende 1976 s. 1 flg. (Kløfta).

I gjeldande lovtekstar finst ordet «høve» mellom anna i domstollova § 47 andre avsnitt, forvaltningslova § 16 første avsnitt, motorferdslelova § 6 andre avsnitt, vegtrafikklova § 16 andre avsnitt, selskapslova § 2-16 (1), lønsgarantilova § 3, fiskarpensjonslova § 16 nr. 2, straffeprosesslova § 232 a andre avsnitt, godtruervervslova § 4 nr. 3, plan- og bygningslova § 16-10, folketrygdlova § 8-27 andre avsnitt.

Ingen av dei nemnde lovene er på nynorsk.

Tingleg og obligatorisk – og ordet «beføyelse»

Vidare kjem advokat Lægreid litt inn på jussens skilje mellom, og rettsvitskapens diskusjon om, tingleg og obligatorisk. Han meiner at «sondringen mellom obligatoriske og tinglige krav ikke kan presiseres ved en begrepsliggjøring … i form av et forseggjort terminologisk skille». Eg klarar ikkje å tileigna meg kva dette kan bety.

I tillegg, og då er ein ved temaet, meiner advokat Lægreid at ein er nøydd til å drøfta dette klassiske privatrettslege spørsmålet gjennom «en problembeskrivelse det ikke er mulig å uttrykke på nynorsk». Og kva skuldast dét? Jau, nynorsk skal visst mangla ordet «beføyelse».

Dette vert rangt på fleire plan.

Lat oss først nemna at ordet «beføyelse» ikkje er levande i norsk daglegspråk. Som oppslagsord finst det like lite i Bokmålsordboka som i Nynorskordboka. Rett nok finst det i Norsk riksmålsordbok, men, og eg viser til utgåva frå 1937, med markeringa «foreldet; ikke mer almindelig brukt».

Med åra har «beføyelse» likevel kome inn i det juridiske språket. Ymse aktørar har medverka. Eit døme kan vera juristen Rolf Schiedermair, som i Norsk Retstidende 1941 s. 1 flg. skulle læra oss både om «Kongen … sine beføyelser», «okkupasjonsmaktens beføyelser», «Reichskommissar … sine beføyelser» og «de konstituerte statsråders … beføyelser».

Ordet «beføyelse» er i dag ein del av det interne, juridiske språket. Eit særleg godt ord er det ikkje – kva betyr det? har me noko betre? – men det har no ein gong bite seg fast.

- Beføyelse har synonym

Allment sett er det trivielt å påpeika at jussen har fagspesifikke termar, og i nokon grad bør og må ha slike. Men det er forstokka og feil å tru at ein må gjera seg til bokmålsbrukar for å få tilgang på desse. Fagspesifikke termar kan skrivast like greitt på nynorsk som på bokmål. «Culpøs» (det heiter ikkje «culpaus»). «Forsett». «Force majeure». «Depositar». «Servitutt». «Ratihabisjon». «Beføyelse».

Også på ein annan måte tek advokat Lægreid feil. Sjølvsagt har «beføyelse» synonym. Sjur Brækhus brukar «funksjon», Carl August Fleischer likeeins. I ein artikkel frå 1978 tek Fleischer opp ideen om eit funksjonelt eigedomsrettsomgrep, som visstnok skal vera noko anna enn eit substansielt. Forfattaren åtvarar mot å kasta inn termen «beføyelser» som eit slags ikkje-substansielt trylleord. Artikkelen er forresten skriven på nynorsk. Fleischer skriv om «funksjonar», som er vanleg i nynorsk for «beføyelser», og teksten verkar presis og lett å forstå.

Om negative servituttar

Advokat Lægreid tek endå eit steg inn i tingsretten og formidlar synspunkt på negative servituttar. Han fremjar ein påstand om at denne rettsfiguren ikkje fullgodt kan omtalast på nynorsk. Også her skal problemet vera at nynorskbrukaren ikkje har med seg ordet «beføyelse» i språkskrinet.

Ein kan replisera at den norske servituttlova er på nynorsk. Definisjonen av negative servituttar står i lova § 1 første avsnitt. Lova gjeld m.a. særrettar over framand fast eigedom «til å forby einskilde slag verksemd, bruk eller tilstand». Ingen stader i forarbeida, sjå Ot.prp. nr. 8 (1967–68), kan eg finna ordet «beføyelse». Så det verkar som lovgjevaren klarar seg utan.

Det same gjeld også for riksmålsbrukar og tingsrettshøvding Thor Falkanger. I ein artikkel over femti sider i Jussens Venner 1974, seinare ført vidare i standardverket Tingsrett, skriv Falkanger presist og lærerikt om både positive og negative servituttar – utan å kasta om seg med «beføyelser».

- Finst eit altnernativ

Det som er sagt ovanfor, får vera nok. Eg vil avslutta med følgjande: Bruken av bokmål i jussen er naturleg for den som er bokmålsbrukar i utgangspunktet. Det reelle og akutte spørsmålet er kva rollemodellar som finst for, og kva signal som vert sende til, studentar og yngre juristar som kjem inn i faget og yrkeslivet med nynorskbakgrunn.

For desse er det eit alternativ å følgja advokat Lægreid. Det vert ein minste motstands veg, kor ein skiftar til det som er gjengs og skriv i veg. Kanskje kan ein også lulla seg inn i den villfarne ideen at eige prat, på bokmål som det er, verkar «presist og funksjonelt».

Men det finst også eit anna alternativ for den med nynorskbakgrunn. Ein kan sikta litt høgare. Målet kan vera å læra seg jussen på ein slik måte at ein er i stand til å formidla sitt fag og driva sitt yrke også på eit enkelt, klart og forståeleg nynorsk. Det er ei investering, men den kan gje eit utbyte.

Powered by Labrador CMS