-Slutninga om ein ibuande presisjonsmangel i nynorsken vert feil, skriver Fredrik Vingsnes.

- Det er ikkje tyngdekrafta som er problemet, Lægreid

Advokat Olav Lægreids åtak på nynorsk som eit språk utan presisjonsevne innan juridiske samanhengar synest å vere ei – i beste fall – oppkonstruert problemstilling, skriv jusstudent Fredrik Vingsnes i dette innlegget.

Publisert Sist oppdatert

Kva for skriftspråk ein nyttar, er sjeldan utslagsgjevande for presisjonsnivået. Korleis ein nyttar skriftspråket er den utslagsgjevande faktoren.

«For eget vedkommende har jeg valgt bokmål fordi det da er lettere å oppnå god juridisk presisjon,» skriv Olav Lægreid.

Kva for presisjonsnivå ein held i ei drøfting, er etter mi (avgrensa) erfaring eit spørsmål om ein evnar å formidle dei rettslege poenga og nyansane på eit effektivt vis. Føresetnaden for høg presisjon i skildring og drøfting av juridiske høve er, naturleg nok, at ein har kål på sjølve jussen. Det er ikkje mykje hjelp i å vere ein god skribent om ein ikkje skjønar kva ein skriv om.

Då alt språk dreier seg om formidling, vert formidlings- og presisjonsnivå spørsmål om korleis ein nyttiggjer seg språket. Difor synest Lægreids åtak på nynorsk som eit språk utan presisjonsevne innan juridiske samanhengar å vere ei – i beste fall – oppkonstruert problemstilling, og – i verre høve – ei manglande forståing for at presisjonsnivået i ein tekst er eit samspel mellom ordval og setningskonstruksjon.

Gjev ikkje meining åleine

Lægreid søker å illustrere manglande presisjon i nynorsk språk mellom anna ved å nytte ordet «høve» i diverse samanhengar. Det er innlysande at «høve» ikkje gjev særleg meining åleine. For generelle ord som dette, må ein nytte fleire ord attåt – til dømes om eigenskapar og karakteristikkar ved desse «høva» – for å få fram kva ein pratar om.

Eg har vanskeleg for å sjå at dette er noko som særleg gjeld nynorsken. «Høve» på nynorsk kan svare til «forhold» på bokmål. Heller ikkje «forhold» har mykje innhald åleine. Om ein talar om eit tilsetjingshøve, så må ein òg på bokmål leggje til «arbeids-» for å få fram at ein pratar om eit ansettelsesforhold.

Som Lægreid skriv, kan høve nyttast på mangfaldig vis i nynorsken, til dømes om« å ha høve til å klage», svarande til «å ha klageadgang» på bokmål. Om ein vil omsetje sistnemnde substantivering til nynorsk, skriv ein gjerne klagemoglegheit, då ein, som nemnd av Lægreid, ikkje har «adgang» som eige ord på nynorsk.

Like håplaus på bokmål

Desse fleirfaldige måtane å nytte «høve» på, ser Lægreid tilsynelatande som ein indikasjon på manglande presisjonsnivå i nynorsken. Han skriv at «[...]hvis parten skriver at «eg har ikkje klaga fordi eg ikkje hadde høve til det», forblir det uklart om det menes en faktisk eller rettslig hindring».

Årsaka er opplagt: I «høve» ligg det ikkje noka stadfesting av om ein ikkje kunne klage grunna mangel på kompetanse eller fordi fristen er forbi. Setninga er ukomplett, då den ikkje seier noko om årsaka til at ein ikkje fekk eller kunne klaga. Grunna same presisjonsmangel, vert utsegna nett like håplaus på bokmål: «Jeg har ikke klaget fordi jeg ikke hadde anledning til det».

Sidan setninga er mangelfull, lyt ein stille spørsmål for å skjøne utsegna: «Greitt nok, men kvifor kunne du ikkje klage?», eventuelt «hvorfor hadde du ikke anledning til å klage?». Problemet med utsegna knyter seg såleis ikkje til bruken av «høve» eller «anledning» – problemet knyter seg til at årsaka til den manglande klagen ikkje vert klarlagd i utsegna.

Oppkonstruert problem

Hadde Lægreid i staden laga ei fullstendig setning ut av eksempelet sitt, så er problemet ikkje-eksisterande. På bokmål kan ein seie at «jeg har ikke klaget, fordi jeg ikke hadde klageadgang etter klagefristen». På nynorsk ville ein sagt at «eg fekk ikkje klaga, då eg ikkje rakk fristen».

Det kan sjølvsagt innvendast at setninga no er omskriven, og at problemet til Lægreid nærast er omgått av den grunn. Det er heilt korrekt – det oppkonstruerte problemet er rydda av vegen ved å gjere setninga fullstendig og dermed betre. Å gjere formuleringane betre er òg heile poenget med å strebe etter høgt presisjonsnivå.

Ingen språkbrukar vil nytte «høve» eller «anledning» for ein kvar pris viss ikkje poenget kjem fram. Nettopp difor er språkkompetansen avgjerande for presisjonsnivået. Dess betre ein kjenner språket, dess betre formuleringar finn ein for å få fram poenget på best vis.

- Slutninga vert feil

Utsegna som Lægreid nyttar til å illustrere at nynorsk manglar presisjon, syner ikkje anna enn at hans eigne eksempelformuleringar er ueigna til å borre djupt nok i materien til å forklare standpunktet.

Når nynorske ord og uttrykk nærast vert tillagt ansvaret for at setningskonstruksjonen er klønete og ufullstendig, vert slutninga om ein ibuande presisjonsmangel i nynorsken feil. Saka vert sett på hovudet, og argumentasjonen får likskapar med å melde at det er ikkje noko problem å parkere bilen i unnabakke utan handbrems - det er tyngdekrafta som er problemet!

I overkant gamalmodige formuleringar som «vedtaket vert å gjere om inkje» er ikkje heldige, men med ei noko meir moderne haldning til språkbruken kjem ein langt. Ein ville kanskje skrive «vedtaket vert oppheva» i staden. Likevel vert dette eit spørsmål om klårt språk i juridisk samanheng, og ikkje om språket sine eigenskapar.

Høgsterett sine endringar i korleis dommar vert skrivne på, Klarspråk-avtalen mellom UiO og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og Betre språk, betre juristar-satsinga ved UiB, syner at kamuflerande og lite folkeleg språk er ei utfordring over heile lina – ikkje minst på bokmål.

- For dårleg presisjon

Med det som no er sagt for å syne at Lægreid tek feil i at nynorsken er eit utenleg språk til juridiske drøftingar, er det òg naturleg å rette nokre attendemeldingar til Lægreid sin eigen bruk av norsk (kanselli)språk – rett nok i andre samanhengar enn dei juridiske. I seinare tid har han mellom anna hevda seg misoppfatta på Facebook, og at han er tillagt andre meiningar og intensjonar enn det han eigentleg hadde og har.

I sitt tilsvar til Jørn Øyrehagen Sunde, melder Lægreid at «det kanskje ble for utfordrende for dem å diskutere noe annet enn det de hadde en oppskrift på fra før – å bekjempe en angivelig rasist».

Etter å ha lese båe Facebook-feeden og kronikkane som kom i ettertid, så synest det vel så sannsynleg at ein drøss med folk i alle aldrar, posisjonar og med ulike bakgrunnar, las Lægreid sine ord på eit anna vis enn kva avsendaren sjølv gjorde. Det er ikkje umogleg at avsendaren sin presisjon rett og slett var for dårleg.

Bakteppet gjev eit herleg ironisk preg over Lægreid si forsøksvise slakting av nynorsk som presisjonsspråk. Bakteppet syner at sjølv advokat Lægreid – med påstått djup forståing av norsk kultur og norsk språk – ikkje evnar å få fram meininga si, trass i at han nyttiggjer seg sjølve høgborga av presisjonsspråk (etter hans eiga utsegn): Bokmålet.

Her lyt eg berre vise attende til min eigen påstand ovanfor: Presisjonsnivået i eins kommunikasjon står og fell ikkje på språkforma, men på korleis ein gjer bruk av språket.

I motsett retning, var det ikkje mykje tvil om kva Sunde melde i sin nynorske kronikk. Språket var klårt, og det var lite rom for misforståingar. Det same kan neppe seiast om Facebook-ranten til Lægreid for nokre veker sidan.

Om ein sjølv er samd eller usamd i standpunkt og argumentasjon i ein eller annan kronikk får vere eins eiga sak – relevant for vurdering av språkformer sitt ibuande presisjonsnivå er det uansett ikkje.

Powered by Labrador CMS