I eit brev til justisminister Emilie Enger Mehl skriv 13 juristar at det er dommarar og advokatar i storbyaene som er vinnarane av domstolsreforma.

- Sterk mobilisering frå dei nyutnemnde sorenskrivarane

- Vi hadde forventa at norske embetsdommarar hadde hatt større lojalitet til eit demokratisk valresultat enn mobiliseringa deira har synt hittil, skriv tretten advokatar og advokatfullmektigar i dette innlegget.

Vi er advokatar på Søre Sunnmøre og synest det er gledeleg at regjeringa i Hurdalsplattforma vil «gjeninnføre strukturen for domstolane før domstolsreforma av 2021 for å vareta borgaranes rettstryggleik og sikre sjølvstendige domstolar med stadleg leiing».

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.

Plattforma gjev berre eit snevert «unntak for domstolar der domstolsleiar, kommunane i rettskretsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å oppretthalde dagens struktur.»

Det skal altså føreligge semje, og våre lokale ordførarar har vore tydeleg på at dei vil gå inn for ei gjeninnføring. Det ligg då til rette for at dei fire domstolane i Møre og Romsdal kan verte gjenoppretta.

Sentraliseringsreform

Domstolsreforma i 2021 var ei sentraliseringsreform som innebar etablering av store tingrettar og jordskifterettar, langt på veg berre ein for kvart fylke. Reforma medførte at ein samfunnsinstitusjon innbyggjarane på Søre Sunnmøre har nytt godt av gjennom fleire hundre år vart avvikla.

I staden vart tingretten såkalla «rettsstad», med leiing i Ålesund.

Disse 13 juristene har forfattet innlegget:

  • Advokat Thore Heggen
  • Advokat Lars E. Sande
  • Advokat Espen Rekkedal
  • Advokat Hege Robudal Stenkløv
  • Advokat Jørund Knardal
  • Advokat Linda Brevik
  • Advokat Erik Staurset Andresen
  • Advokat Thomas Lundberg
  • Advokat Cecilie Langva
  • Advokatfullmektig Fredric Holen Bjørdal
  • Advokatfullmektig Marit Fintland Vikebakk
  • Tidligere advokat Per Maurset
  • Trainee Endre Nilsen Løset

Forsvararane av reformen hevdar at ein no uansett bør vente og sjå korleis dagens løysing fungerer over tid.

Etter vår oppfatning er det ingen grunn til å vente og sjå. Dei generelle erfaringane ved samanslåingar, anten det er føretak eller organisasjonar, er at staden der leiinga sit, vert prioritert i det lange løp.

Vi fryktar at det etter kvart vert færre dommarar og tilsette ved rettsstadar utan eiga leiing. Dagens løysing gir rom for nedbyggjing på Søre Sunnmøre over tid. Sjølv om reforma berre er nokre månader gammal, erfarer vi at ressursar og tilsetjingar ved hovudkontoret vert prioritert.

- Sterk mobilisering

Den siste tida har vi vore vitne til ei sterk mobilisering frå dei nyutnemnde sorenskrivarane i dei samanslåtte tingrettane og det juridiske miljøet i større byar – og også Oslo-pressa har hengt seg på.

Det vert brukt store ord. Ein hevdar at rettstryggleiken vil stå på spel om ikkje domstolane er sentraliserte i store einingar i dei større byane.

Vi meiner denne sterke mobiliseringa frå norske embetsdommarar er problematisk ettersom Ap og Sp gjekk tydeleg til val på å reversere domstolsreforma, og det var den sida som gjekk av med valsigeren.

Mobilisering i storbyane

I realiteten handlar dette om å respektere utfallet av eit demokratisk stortingsval, og vi hadde forventa at norske embetsdommarar hadde hatt større lojalitet til eit demokratisk valresultat enn mobiliseringa deira har synt hittil.

Vi er likevel ikkje forundra over at dommarar og advokatar i storbyane mobiliserer. Det er dei som var dei store vinnarane av domstolsreforma i 2021, der domstolane vart sentraliserte og domstolsleiinga lagt til deira byar.

Vi er ikkje samde i påstandane om at kvaliteten er betre i dei store domstolane. Som faste brukarar av Søre Sunnmøre tingrett har vi erfaring med at kvaliteten på domstolen sine avgjerder ikkje på nokon måte har vore dårlegare enn kvaliteten ved andre, større tingrettar i landet.

Samtidig har vi opplevd at Søre Sunnmøre tingrett ved behov har samarbeidd godt med dei andre tingrettane i fylket, slik at potensialet for effektivisering synes lite.

- Ein av de mest effektive

Vår erfaring vert understøtta av Riksrevisjonen sin siste rapport der Søre Sunnmøre tingrett kom ut som ein av dei mest effektive i landet. Vidare er rekrutteringa svært god ved alle høve det er utlyst stillingar ved domstolen. Domstolskommisjonen greidde heller ikkje å dokumentere kvalitetsforskjellar mellom små og store domstolar i sine rapportar.

På side 18 i analysen som kommisjonen viser til, står det mellom anna eksplisitt at denne ikkje var ein kvalitetsanalyse.

Ei hovudinnvending frå Domstolskommisjonen var bruken av dommarfullmektigar i dei minste domstolane. Her hadde kommisjonen eit poeng, men unnlet å påpeike den openberre løysinga. Nemleg å omgjere dommarfullmektigstillingane til faste tingrettsdommarstillingar.

I større domstolar har DA prioritert å tilsetje faste dommarar og få dommarfullmektigar,medan ein i dei minste domstolane har tilsett mange dommarfullmektigar og få faste dommarar.

- Advokattilbodet sterkt redusert

Dersom domstolsreforma vert oppretthalden vil det gå utover rettshjelpstilbodet til folk i distrikta.

Ein eigen lokal domstol med stadleg leiing, gjer det meir attraktivt å arbeide som advokat på Søre Sunnmøre, noko som er viktig for å oppretthalde god rekruttering til det lokale advokatmiljøet. Forsvinn tingretten, vil også advokattilbodet på sikt verte sterkt redusert.

Det er verdt å merke seg at den nye regjeringa vil «leggje til rette for at domstolar kan samarbeide betre, og greie ut korleis mindre domstolar kan styrkjast for å gjere dei mindre sårbare.» Dermed forsvinn det meste av grunnlaget som var igjen for å innføre dagens reform.

Vi meiner det også er naturleg at jordskifteretten i Ørsta vert gjenoppretta slik den var tidlegare.

Vi ynskjer fire tingrettar i fylket, men ser samtidig høve for meir samarbeid. Slik kan ein byggje robuste fagmiljø, og oppnå betre ressursutnytting. Det vil også gjere at Søre Sunnmøre tingrett står sterkare dersom nye diskusjonar om samanslåing skulle dukke opp.

Dette innlegget er sendt som brev til justisminister Emilie Enger Mehl.

Powered by Labrador CMS