Tonje Skjelbostad.

- Rettstryggleiken har ein pris

Timessalæret for fri rettshjelp hatt ein realnedgang på nesten fire prosent sidan 2001. Samstundes har dei totale kostnadane for advokatar hatt ei realauke på heile 27 prosent. Prisen er det samfunnet sine svakaste og mest utsette som må betale, skriv Tonje Skjelbostad, konsernsjef i Alt Legalt, i dette innlegget. 

Publisert Sist oppdatert

«Det koster å være fattig» skriv E24 i ein artikkel om at norske advokatar har fakturert kr. 8.900 i timen for å gi bistand til SAS. Samstundes har timessalæret for fri rettshjelp hatt ein realnedgang på nesten fire prosent sidan 2001 og er i dag kr.1180,-. 

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.

For dei advokatane som arbeider med rettshjelpssaker dagleg er dette problematisk, men først og fremst er det eit problem for dei svakaste og mest utsette i samfunnet. Dei som skal få sikra grunnleggjande rettstryggleik ved bistanden advokatane gir i slike saker. 

No må regjeringa prioriterer denne gruppa slik at det ikkje går på rettstryggleikens laus.

Det er dei svakaste og mest utsette som må betale

Tal frå Advokatforeningen viser at dei totale kostnadane for advokatar har hatt ei realauke på heile 27 prosent frå 2001 til 2022. I same periode har rettshjelpssatsen på si side hatt ein realnedgang på nesten fire prosent, om ein tek høgde for nedgangen i reisegodtgjersle frå 2017.

Og prisen er det samfunnet sine svakaste og mest utsette som må betale. For det er dei som skal få sikra si grunnleggjande rettstryggleik i den bistanden advokatane gir i slike saker. 

I det augneblinken advokatane ser at dette ikkje er liv laga er det ei reell fare for at færre vel å ta på seg slike saker, og at færre selskap har råd til å tilby slik rettshjelp. Det er ein tendens vi allereie ser. For, som Salærrådet har peika på: Dersom salærsatsen er for lav, vil dyktige og erfarne advokatar vike vekk frå å ta saker betalt av det offentlege. 

Dette vil gi ei uheldig skeivfordeling, der dei som treng juridisk bistand mest – våre svakaste og mest utsette – risikerer å stå utan.

Det handlar om prioriteringar

Advokatar som vier yrkeslivet til å forsvare og representere dei som treng det mest, bør få skikkeleg betaling, rett og slett fordi dei gir bistand til dei i samfunnet som ofte treng det mest og som kan vere i ein utsett situasjon, privat og økonomisk.

Det er sjølvsagt lett å finne argument imot i ei tid der skyhøge salær til enkelte advokatar overskyggjer debatten. Korleis kan vi argumentere for høgare salær for advokatar når vi les saker med timeprisar på over 8900,-? Fordi det er milevis skilnad. Nærare bestemt 7516 kroner i skilnad. 

For høgt betalte forretningsadvokatar er det utvilsamt ein marknad som er villig til å betale skyhøge timeprisar. Kvifor? Fordi klienten opplever at bistanden er god. Og viktig.

Men er bistanden til SAS så mykje meir verdt enn den til Viggo Kristiansen? For det er kjernen: Det handlar om prioriteringar. Vi må hugse at bak kvar sak står det ein advokat som har tatt valet om å vie yrkeslivet til å forsvare rettstryggleiken i samfunnet. 

Vi skulder dei, og aller mest dei som dei representerer, å sikre ein rettferdig kompensasjon for innsatsen. Til dømes, ved å, i det minste, følgje Salærrådet si anbefaling om ein salærsats på kr. 1384,- for 2024.

For rettstryggleiken har sin pris, men det er en pris vi som samfunn bør vere villige til å betale.

Powered by Labrador CMS