Meiner tvisteloven svekker vanlege folk si mogelegheit til å hevde sin rett

- Innstillingsregelen i tvistelova utgjør eit hinder for Forliksrådet si rolle i domstolsapparatet, meiner kronikkforfattaren, som etterlyser ei gjennomgang av desse reglane.

Publisert Sist oppdatert

Ein part som er innkalla til rettsmøte i Forliksrådet kan krevje innstilling dersom saka ikkje blir behandla innan tre månader. Forliksrådet er sjølv ikkje bunde av denne fristen, og regelen er derfor ikkje harmonisert.

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.

I førre månad blei justisministeren oppmoda til å ta stilling til om vi treng ei gjennomgang av forliksrådsordninga. Jussformidlingen er av den oppfatninga at ei slik gjennomgang er på sin plass. Vi vil difor løfte fram eitt av aspekta ved Forliksrådets sakshandsamingsreglar som vi opplever som problematisk.

Eivind Rand Øyre.

Innstillingsregelen i tvistelova (tvl.) § 6-11 fjerde ledd andre punktum pålegg Forliksrådet å innstille behandlinga av ei innklaga sak etter krav frå ein av partane, dersom saka ikkje er behandla innan tre månader etter at Forliksklagen blei forkynt.

Teamet er tidlegare omtalt av Sigurd Hjertholm i Rett24.

- Avskrekkande for partar med svak økonomi

Regelen kan raskt på by på problem. Sjå føre deg ein arbeidstakar som har klaga inn arbeidsgjevaren sin med krav om utbetaling av uteståande løn. Som følgje av stor saksmengd og lang sakshandsamingstid kallar ikkje Forliksrådet inn til rettsmøte før fem månader etter at klagen er forkynt for motpart. Dette er ikkje uvanleg.

Ei dyr tingrettsbehandling, med tilhøyrande advokatkostnader og prosessrisiko, vil verke avskrekkande på partar som ikkje stiller sterkt økonomisk. Ein kan då ende opp med at arbeidstakaren gjev opp å forfølgje kravet.

Eivind Rand Øyre, sakshandsamar i Jussformidlingen

Arbeidsgjevaren, som er den ressurssterke parten, har kanskje hyra ein advokat som gjer klienten sin merksam på innstillingsregelen. Før arbeidstakaren i det heile har fått prøvd kravet sitt, tvingast han til å vente i eitt år før han kan sende ny klage, jf. tvl. § 6-11 femte ledd bokstav a. Alternativt kan saka opnast for Forliksrådet på nytt med samtykke frå motparten, jf. tvl. § 6-11 femte ledd bokstav b.

I ein situasjon som skildra ovanfor vil nok eit slikt alternativ sjeldan vere relevant. Om arbeidstakaren ikkje kan eller vil vente med å ta saka vidare, har han ikkje anna val enn å stemne arbeidsgjevaren for tingretten. Ei dyr tingrettsbehandling, med tilhøyrande advokatkostnader og prosessrisiko, vil verke avskrekkande på partar som ikkje stiller sterkt økonomisk. Ein kan då ende opp med at arbeidstakaren gjev opp å forfølgje kravet.

- Uhaldbar rettstilstand

Er forliksklagen levert for å avbryte foreldingsfristen, og saka blir innstilt, er utgangspunktet at tilleggsfristen løper samstundes med karantenetida, jf. foreldingslova § 15 andre ledd bokstav b og § 22 første ledd. Det medfører at karantenetida og foreldingsfristen utløper same dag. Dersom ikkje klagaren står klar med ny forliksklage dagen båe desse fristane går ut, vil klagaren ha lidd eit rettstap som følgje av innstillinga.

Kombinasjonen av desse reglane utgjer ein uhaldbar rettstilstand. Behovet for forliksrådsbehandling forsvinn ikkje sjølv om rettsmøtet er beramma for seint.

Problemstillingane som er skildra i avsnitta ovanfor ser ikkje ut til å ha blitt drøft i førearbeida. Regelen byggjer tilsynelatande på ein tanke om at forliksrådsbehandling skal vere eit raskt og rimeleg alternativ til ordinær domstolsbehandling.

Førearbeida føreset at partane ved innstilling etter § 6-11 fjerde ledd andre punktum tek tvisten til tingretten, eller at ein part gjev opp å forfølgje kravet. Ordninga er ikkje godt tilpassa saker der klagar står i eit underlegent styrkeforhold overfor innklaga. Den innklaga parten kan ende opp med å få ein tilfeldig fordel som følgje av den forseinka beramminga, ved at det aukar kjangsane for at klagar ikkje torer eller orkar å ta saka vidare, eller i verste at kravet blir forelda.

- Bør vurdere andre løysingar

Det er uheldig at berammingstida til Forliksrådet skal vere styrande for om ein part får prøvd kravet sitt eller ikkje. For dei som ikkje vågar å ta kostnaden knytt til behandling i dei ordinære domstolane, kan innstillinga fort bli enden på saka.

Den store saksmengda til forliksråd i tettbygde strok kan vere eit overtydande argument mot å påleggje Forliksrådet å beramme rettsmøte innan tremånaders-fristen.

I tilfelle der rettsmøtet blir beramma etter tremånaders-fristen, er det grunn til å vurdere om innstilling av saka burde krevje samtykke frå båe partar, eventuelt ei anna løysing som kan utjamne styrkeforholdet mellom partane.

Powered by Labrador CMS