- Uheldig at det tidvis vert framstille som om minoritetstudentar er ein homogen gruppe som alle ønskjer seg ein alkoholfri advokatbransje

- Fleire stemmer må slippes til i debatten, også om dei ikkje gjev like gode «click-bait»-overskrifter, skriver Mino.Jur-ledelsen i dette innlegget.

Publisert Sist oppdatert

I kjølevatnet av vår panelsamtale om mangfald under Mino.Jur-dagene og Advokatbladet og jusstudentane sin omtale av den, ønskjer vi å understreke kva vi i Mino.Jur meiner i mangfaldsdebatten. Vi opplever at sjølve omgrepet lid av ein definisjonsmangel som fører til at vi aldri kjem oss vidare i saka. Omgrepet mangfald fungerer diverre for ofte som ein tøyeleg strikk som vert tilpassa narrativet i kvar enkel debatt.

Selma Ahmetagic, leder i Mino.Jur

I dei beste tilfella gjev dette utslag ved at mangfaldsomgrepet vert brukt for å snakke om inkludering på tvers av legning, funksjonsnedsetjing, etnisitet og hudfarge. I dei verre tilfella seier ein seg nøgd om det i det minste omfattar kvinner eller at ein tar til orde for å bytte ut øla med ein Coca Cola på eit sosialt arrangement. Denne avgrensinga som omgrepet lid av kan difor slå veldig feil ut i advokatbransjens lengsel etter mangfald.

Vi synast det er uheldig at det tidvis vert framstille (kanskje ikkje intensjonelt) som at minoritetstudentar er ein homogen gruppe som alle ønskjer seg ein alkoholfri advokatbransje utan sosiale arrangement på kveldstid, og at dette utgjer kjernen i korleis advokatbransjen skal jobbe med mangfald. Eller at han berre skal omhandle om det fortsatt skal vere Peder Ås i praktikum. For alle som har sett vårt arrangement om mangfald vil der vere klart at sistnemnde berre var ein liten merknad i ein større og langt viktigare diskusjon.

- Ønskjer berre dei same moglegheitene

Susan Arulanantham, nestleder i Mino.Jur

Den samtalen vi i Mino.Jur først og fremst prøver å ha om mangfald og inkludering i advokatbransjen, er ein annan. Vi ønskjer oss ein samtale som set fokuset på at det jusstudentar og juristar med minoritetsbakgrunn vil ha ein karriere utan rasisme og diskriminering, der ein berre ønskjer seg dei same moglegheitene som majoritetsstudentane for å få vist fram kva ein er god for og for å stige i gradane. Å redusere tematikken til eksempler om alkohol eller minoritetsjenter som ikkje får lov til å vere ute på kveldstid gjev oss heller eit ordskifte som er med på å oppretthalde fordommar og haldningar, framfor å eliminere dei.

Når det er sagt vil vi sjølvsagt ikkje bagatellisere at studiet og advokatbransjen kan være ein arena for alkoholpress. Mino.Jur vart jo tross alt stifta med vedtekter om å vere ein alkoholfri foreining nettopp for å være en motvekt til drikkepresset studentar kan oppleve. Likevel håpar vi at mangfaldsdebatten kan fokusere meir på inkludering og førebygging av diskriminering heller enn nok ein diskusjon om vin- eller whiskeysmaking. Vi håpar at vi kan kome oss forbi fasen i mangfaldsdebatten der alkohol og andre ting av mindre praktisk betyding er hovudtema.

Mangfaldsdebatten kan uansett ikkje i praksis verne nokre minoritetar sine interesser på ein slik måte der majoriteten av minoritetar vert sette i bås. Ei førehandstru om at alle minoriteter treng omfattande tilretteleggjing for å trivast på arbeidsplassen vil utan tvil føre til at vi føler oss meir utanforståande i eit miljø som eigentleg ønskjer å inkludere oss på lik linje med majoritetsjuristar.

- Halvhjerta intensjonar

Vi synast det er særs positivt at mange i advokatbransjen ønskjer å få hjelp til å bli betre på inkludering og mangfald, men utan seriøse kvalifikasjonar og faglige kunnskapar blant bedrifter dei engasjerer i arbeidet, er det tydelig kor halvhjerta intensjon deira verkeleg er. Advokatfirmaa gjev eit inntrykk av at dei har kasta seg på den nyaste trenden der mangfald er som det nyaste av utstyr til birken, og ikkje ein reell føresetnad for å fremje inkludering, fjerne diskriminering og gjere juristar gjennom kulturkompetanse og toleranse betre i stand til å hjelpe alle klientane sine, om det så er i møte med det offentlege systemet eller i det private næringslivet.

Mino.Jur ønskjer difor at både advokatbransjen og media i større grad rettar søkjelyset mot meir faglege og kunnskaps- og forskningsbaserte diskusjonar rundt mangfald, og at desse stemmene oppsøkast og vert slepne til i klikk-gullgruva mangfaldsdebatten ofte blir. Og at omtalen av temaet mangfald vert gjort på ein verdig måte, slik at ikkje fleire vert skremde av det einsidige narrativet som har fått dominere.

- Må få like mogleigheiter

Vi ønskjer, som alle mangfaldsutval og liknande, at alle skal stille med like moglegheiter og på same vilkår som juristar. Eit overdrive fokus i debatten på tiltak som mange minoritetsstudenter ikkje relaterer seg til vil i staden føre til at arbeidet forseinkast, og at til dømes kvardagsrasismen eller skjult diskriminering basert på affinitet ikkje vil kunne fangast opp like effektivt.

Det er heller ikkje slik at om ein frå majoritetsbefolkninga uttalar seg, så snakkar ein på vegne av alle. Det same gjeld for minoritetar av alle slag. I tillegg har ulike bedriftar og diverse mangfaldsutval lite representasjonsmynde på vegne av alle studentar og juristar med minoritetsbakgrunn. Fleire stemmer må slippes til i debatten, også om dei ikkje gjev like gode «click-bait» overskrifter.

Powered by Labrador CMS