Januar er ein månad der biologiske tilhøve gjer at fisken er lettast å fiska. Dei fleste fiskarane er difor opptatt med viktige fiskeri, ikke med å skriva høyringssvar, skriv artikkelforfattaren.

- For korte fristar gir færre og mindre grundige høyringssvar

Ved å gjennomføra forslag før høyringsfristen er gått ut, mistar lovgivar ikkje berre tilbakemeldingane frå høyringsinstansane, men gjer kanskje at lovgivar mistar truverd òg, skriv advokat Ask Økland.

Publisert Sist oppdatert

I ei sak som gjeld fordeling av fiskekvotar, med verdiar på fleire titals milliardar kroner, sender Nærings- og fiskeridepartementet eit av dei mottatte høyringssvara ut på ny høyring.

Finansdepartementet si høyring om grunnrenteskatt i havbruk har frist etter at skatten skal vera innført.

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.

Forslag i ei svært viktig høyring, frå Fiskeridirektoratet, om store innstrammingar i kor det skal vera lov å fiska skal tre i kraft kort tid etter utløp av ein kort høyringsfrist.

Døme 1: Nærings- og fiskeridepartementet

I fjor haust sendte Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) ut ei omfattande, og svært viktig høyring; «Høring om sentrale tema for ny kvotemelding».

Høyringa gjaldt svært viktige spørsmål for fiskerinæringa. Mellom anna fordeling av fiskekvotar med verdi på cirka femti milliardar kroner.

Ask Økland

Advokat i Pelagisk Forening, ein fagleg interesseorganisasjon for fiskebåtrederier langs norskekysten.

Driv òg eiga verksemd som advokat.

Medlem av Advokatforeningens lovutvalg for fangst, fiskeri og havbruk.

Fleire organisasjonar, inkludert Noreg sin største fiskeriorganisasjon Norges Fiskarlag, bad om utsett frist. Departementet gav ikkje utsett svarfrist til nokon.

Norges Fiskarlag leverte høyringssvar tre veker etter fristen. Der hadde Fiskarlaget forslag/ønske som ikkje var foreslått i høyringsnotatet.

Den 20. desember svara Nærings- og fiskeridirektoratet med å senda forslaga på ny høyring. Altså høyring av høyringssvar. «Ny alternativ modell for strukturgevinstfordeling». NFD la til ei rekke nye, og kompliserte, problemstillingar. Høyringsfristen er 31. januar. Det vil si seks veker, inkludert jul og nyttår.

Spørsmåla i høyringa er særs viktige for norsk fiskerinæring, og norske fiskarar.

- Uheldig praksis

Praksisen, og korte fristar, er såleis uheldig. I tillegg er januar ein månad der biologiske tilhøve gjer at fisken er lettast å fiska. Dei fleste fiskarane er difor opptatt med viktige fiskeri.

Eit av dei viktigaste spørsmåla i høyringa er kva som skal skje med strukturkvotar når strukturperioden går ut.

Om du ikkje veit kva strukturkvotar er, så er du ikkje aleine. Dette er ukjent for dei fleste utanfor fiskerinæringa, inkludert mange politikarar. Kort fortalt er det eit grunnprinsipp at eit fiskefartøy berre har lov til å fiska sine eigne kvotar. Slike kvotar blir ofte kalla «grunnkvotar.» Grunnkvotar er tidsuavgrensa. Omsynet bak dette prinsippet er mellom anna å unngå utleige av fiskekvotar.

På grunn av stor overkapasitet, dårleg lønsemd, og stor statsstøtte blei det for nokre tiår sidan lov å kjøpa grunnkvotar frå andre fartøy, og plassera fleire kvotar på same fartøy.

Flytta grunnkvote gjekk over til å bli «strukturkvote». Den største skilnaden er at strukturkvotar er tidsavgrensa til 20 eller 25 år. Resultatet er færre fiskebåtar, færre fiskarar, større fangstar per båt og per fiskar, og ei lønsam fiskerinæring utan statsstøtte. I dag er cirka førti prosent av norske fiskekvotar strukturkvotar. Årleg fangstverdi fiska på desse kvotane er milliardbeløp.

Kva skjer med strukturkvotar som går ut på dato?

Det store spørsmålet er kva som skal skje med strukturkvotar som går ut på dato? Altså at kvoteeigarane ikkje lengre har lov til å fiska på desse kvotane. Dei første strukturkvotane går ut i 2027. Samla verdi av strukturkvotane er cirka 50 milliardar, ifølje Fiskeribladet.

Fiskerinæringa er samstemte i at strukturkvotane skal gå tilbake til fiskarane, men det er delte meiningar om korleis kaka skal fordelast. Somme meiner at strukturkvotane skal gå tilbake til grunnkvotane. Altså at kvar grunnkvote får fiska ein noko større del av totalkvoten enn før.

Andre meiner at strukturkvotane skal gå tilbake til både grunn- og strukturkvotane. Altså at begge desse kvotetypane får fiska noko større del av totalkvoten enn før.

Valet har ikkje berre økonomiske konsekvensar, men har òg verknadar for talet på fiskarar, fiskebåtar, og for aktivitet og busetnad langs kysten.

Det som er spesielt med denne høyringa, er at departementet vel å senda nye forslag, mottatt i eit av høyringssvara, ut på ny høyring.

NFD nyttar òg høvet til å ta med nye spørsmål i høyringa. Viktige spørsmål som diverre ikkje er konsekvensutgreidd.

Døme II, Fiskeridirektoratet

Den 7. desember sendte Fiskeridirektoratet ut «høring om kysttorsk og havdeling i fisket etter torsk nord for 62°N.»

Direktoratet tek sikte på at deler av høyringa skal tre i kraft i løpet av første halvdel av februar i år. Denne delen av høyringa har frist 16. januar. Altså knappe seks veker, inkludert jul og nyttår, Etter protestar blei høyringsfristen utsett til 31. januar.

Kort fortalt blir det foreslått å forby større båtar å fiska i tradisjonelle fiskefelt i fjordar og nær kysten. Dette av omsyn til mindre fiskebåtar, og stammen av kysttorsk.

Mange meiner dette er alvorleg. Ikkje berre for dei større båtane som blir jaga til havs, men òg for fiskemottak som risikerer å ikkje få tilstrekkeleg råstoff. I så fall vil dei minste båtane, som ikkje kan gå langt for å levera fisken sin, mista lokale kjøparar til fisken. I ytste konsekvens kan forslaget medføra at reiarlag, og fiskemottak, går konkurs.

Konsekvensane kunne gjerne vore betre utgreidd.

Døme III, Finansdepartementet

I haust lanserte finansministeren at det skal innførast grunnrenteskatt på havbruk. Finansdepartementet si høyring, om innføring av grunnrenteskatt for havbruk, har høyringsfrist etter at skatten er innført. Regelrådet meiner «at dette er en uheldig bruk av høringsinstituttet.» Regelrådet konkluderer òg med at «Utredningen har svakheter».

I NRK 4. januar uttalar leiar av Regelrådet, Sandra Riise, at ho aldri har opplevd at reglar trer i kraft før høyringsfristen er ute. Regelrådet meiner at det er uheldig høyringspraksis. «Ein skal altså få vite og kjenne til kva som er kome inn av høyringssvar, ifølge Riise. – Det er det vanlege å gjere før myndigheitene tar ei endeleg avgjerd.»

Korte fristar gjer sjølvsagt at det blir færre og mindre grundige høyringssvar. Høyringsinstansar spør seg òg om det er noko vits i å levera høyringssvar.

Korte høyringsfristar kan òg vera brot på utgreiingsinstruksen.

- Hastar ikkje

I høyringane i døme I og II hastar det ikkje med å endra regelverket. Det er såleis ikkje gode grunnar for å ikkje konsekvensutgreia verknadane av forslaga.

Manglande konsekvensutgreiingar er diverre ikkje noko nytt. Tidlegare har Riksrevisjonen gitt fiskerimyndigheitene kritikk for at forslag ikkje er godt nok konsekvensutgreidd.

Ved å gjennomføra forslag før høyringsfristen er gått ut mistar lovgjevar tilbakemeldingane frå høyringsinstansane. Dette, og korte høyringsfristar, manglande konsekvensutgreiingar, og inntrykk av at ting er avgjort før høyringar, gjer kanskje at lovgjevar mistar truverd òg?

Powered by Labrador CMS