Foto:

Meiner UDIs praksis kan vera grunnlovsstridig

UDI varetar ikkje i tilstrekkeleg grad interessene til barna, og tar snarvegar, skriv Erlend Bjerkvik i Jussformidlingen i dette innlegget. Han ber UDI om å endra praksis.

Publisert Sist oppdatert

Omsynet til barnets beste er klart nedfelt i Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3, og står dessutan sentralt i Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen artikkel 8. Rettskjeldemessig er vi i den tyngste vektklassa. Det skal blinke i naudlys og ringast i alle alarmar når ein jurist beveger seg inn i dette landskapet. Omsynet skal med i vurderinga av alle saker som gjeld barn. Dei er det mange av i utlendingsretten.

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.

Statistikk Jussformidlingen har fått tilsendt frå Utlendingsdirektoratets Enhet for statistikk og analyse (ESA) viser at UDI i 2021 handsama 22 328 sakar der personen var under 18 år. Det er 22 328 tilfelle der omsynet til barnets beste blir gjort gjeldande og skal med i vurderinga av saka – uavhengig av sakstype. Jussformidlingen sine erfaringar med UDI sin praksis, er at dette ikkje har blitt gjort i tilstrekkeleg grad.

Innhaldet i vurderinga

Kva inngår i vurderinga av omsynet til barnets beste og korleis ivaretakast det? Dette er regulert i store tunge rettskjelder. Det gjerast ei heilskapleg vurdering, og hovudfokuset er barnets fysiske og psykiske helse, sikkerheit, framtid, notid, fortid, utvikling osb.

Erlend Bjerkvik

Sakshandsamar i Jussformidlingen

Vi må vere einige i at det viktigaste å gjere for å få fram dette, er å lytte til barnet. Kva vil barnet sjølv? Dette går eksplisitt fram av Grunnlova § 104 første ledd andre setning som seier at barn «har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve», jf. òg FNs barnekonvensjon artikkel 12.

Det inneber at UDI i 2021 skulle lytta til barnet sine meiningar i alle dei 22 328 sakane.

Regulering i utlendingslovverket og praksis frå UDI

I utlendingslovverket er omsynet til barnets beste ikkje spesifisert noko meir inngåande enn at det her og der er nemnd at det skal vere eit grunnleggjande omsyn i sakar som omhandlar barn. Ulike føresegn tek meir konkret føre seg moment i vurderinga, men det kjem ikkje klart fram at det er omsynet til barnets beste som er siktemålet.

Eit døme på dette finst i utlendingsforskrifta, mellom anna i §§ 17-3 til 17-6. Hovudessensen her er at barn over 7 år skal gis tilbod om ein samtale i sakar om familieinnvandring og asyl. Dette er i samsvar med Grl. § 104 og barnekonvensjonen art. 12, slik nemnd ovanfor.

Det er opna for å ikkje gjennomføre slik samtale om det etter UDI sitt skjønn er å sjå for «åpenbart unødvendig», jf. §§ 17-4 femte ledd og 17-5 første ledd. Jussformidlingen forstår unntaket, i lys av grunnlovsvernet, slik at det kan gjerast unntak frå samtalar der barnet ikkje er i stand til å danne seg sine eigne meiningar eller gje uttrykk for desse.

UDI brukar likevel, etter det Jussformidlingen erfarer, unntaket der dei t.d. konstaterer at underhaldskravet ikkje er innfridd for referansepersonar i familieinnvandringssaker. Der ein forelder ikkje innfrir underhaldskravet, ser UDI det som «åpenbart unødvendig» å gjennomføre samtalar med det 8 år gamle barnet som har søkt om opphaldsløyve.

Dette er stikk i strid med ordlyden i både Grl. § 104 første ledd og barnekonvensjonen artikkel 12, som heilt klart ikkje opnar for at omsynet til barnets beste kan settast til side.

Det er enkelt for forvaltninga å vise til at barna kan få uttrykt seg gjennom foreldra. Då misser ein essensen i grunnlovs- og konvensjonsvernet, som er å lytte til barnet. Spesielt når foreldra sjølv slit med språkvanskar. Poenget er at barna skal få uttale seg sjølve.

Praksisen omgår kjernen i omsynet til barnets beste, og bryt med grunnleggjande menneskerettslege prinsipp. Når samtalane ikkje vert gjennomførte, er det òg lett for å oversjå unntak i utlendingslovverket – t.d. at det kan gjerast unntak frå underhaldskravet dersom «sterke menneskelige hensyn tilsier det», jf. § 49 første ledd.

UDI sin praksis med å ikkje gjennomføre samtalar med barn i sakar som gjeld dei, er, etter Jussformidlingen sitt syn, grunnlovsstridig.

Lytt til barna!

Det skulle altså vore gjennomført 22 328 samtalar mellom UDI og barn i 2021. Barna står svakt frå før i slike saker, og det er ekstra viktig at vi lyttar til dei når dei har noko å seie.

Jussformidlingen ber UDI om å endre praksisen sin og lytte til alle barn som kan danne seg si eiga mening og gi uttrykk for den. Vi ber òg lovgivar og departement om å utarbeide betre retningslinjer for bruken av omsynet til barnets beste i utlendingssaker.

Powered by Labrador CMS