Meninger

Auke i salærsats? Ikkje for tolkar

I statsbudsjettforslaget føreslår regjeringa at tolkar skal gå frå å få 4/5 av salærsatsen til 2/3. Det er ein dårleg ide for rettsstaten, skriv styreleiar Paulina Slusarczyk i Norsk tolkeforening.

Paulina Slusarczyk er styreleder i Norsk tolkeforening.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.

Forslaget vil gjere at kvalifiserte tolkar sjeldnare vil prioritere oppdrag i justissektoren. Det vil føre til dårlegare tolkekvalitet og større utfordringar med å dekke tolkebehovet.

Dårlegare tolkekvalitet er ein alvorleg trugsel for rettstryggleiken til minoritetsspråklege innbyggarar og alle partar som er involverte i saker med tolk. 

Det fører til feil og misforståingar som har stort skadepotensial, og kan føre til at avgjerder blir tatt på feil grunnlag. Dette er verkeleg ikkje ein risiko ein bør ta på justisfeltet.

- Kan få problem med saksavvikling

Dei sakstypane som truleg blir mest utsette, er korte oppdrag og oppdrag med kort reiseveg, som eindagssaker i domstolane, fengslingsmøte og møte mellom advokat og klient. 

Domstolar, nemnder og politiet kan få problem med saksavvikling dersom dei slit med å finne tolk til sine saker. Dårlegare tilgang på kvalifiserte tolkar vil påverke advokatars kvardag.

Dårleg tolking fører ofte til meirarbeid i form av at møte må gjennomførast på nytt, avhøyr må kvalitetssikrast av ein annan tolk, eller at tolkesamtalar tar lengre tid enn nødvendig. Dette skaper ekstrakostnadar som kunne vore unngått viss ein fekk ein høg kvalifisert tolk til å utføre oppdraget. 

Det er ganske sannsynleg at pengane som blir spart på kuttet, likevel må brukast på å reparere skadane.

- Også eit spørsmål om beredskap

Forslaget vil også påverke framtidig rekruttering til yrket og utnytting av tolkekapasitet. Om færre tolkar satsar på tolkeyrket på fulltid, vil ein trenge å utdanne fleire tolkar for å dekke behovet, noko som også er svært kostbart.

Det å ha godt kvalifiserte tolkar som faktisk har kapasitet til å ta oppdrag, er også eit spørsmål om beredskap, spesielt for politiet, der behovet for tolk ikkje så enkelt lar seg planlegge.

Forslaget har faktisk blitt fremma før, i statsbudsjettforslaget for 2023. Den gongen uttalte sentrale instansar seg kritisk og peika på moglege problem med saksavvikling.

Sidan den gong har ideen ikkje blitt betre, men det er ein skilnad som påverker kor hardt dette forslaget nå kan ramme viss det står seg. 

- Satsen er allereie sett ned

Det som ikkje kjem fram i budsjettforslaget, er at Justisdepartementet nyleg har vedtatt endringar i salærforskrifta som senker tolkars reise- og avlysingssats frå 1.1.2026.

I realiteten vil altså budsjettforslaget føre til desse tal for tolkar:

  • 9,4 prosent nedgang per times arbeid
  • 30,3 prosent nedgang per times reise
  • 30,3 prosent nedgang per avlyst oppdrag

Tolkar får altså ikkje ta del i auken i salærsatsen – i staden er planen at vi skal gå kraftig ned.

- Mindre gunstige avlysingsvilkår

Regjeringa argumenterer med at den reduserte satsen framleis vil vere «relativt» god i forhold til satsar hos andre offentlege organ. Her må ein sjå det fulle bilete, altså at det ikkje berre er timesatsen som avgjer om oppdrag er attraktive, men også varigheit og avlysingsvilkår.

Salærforskrifta har mykje mindre gunstige avlysingsvilkår enn det som er vanleg på resten av tolkemarknaden. 

Ein får også berre dekka medgått tid, og ikkje bestilt tid. Tolkar står i ei anna stilling enn advokatar og kan ikkje på eiga initiativ fylle lediggjort tid med anna arbeid, sidan det er ikkje er vi som avgjer når tolkesamtalar blir planlagt til.

- Svært skuffande

Det er også uklart kva bakgrunnen er for at endringa utelukkande skal gjelde tolkar, og ikkje sakkunnige, som blir honorert etter same ledd i salærforskrifta.

Det er svært skuffande å sjå at regjeringa nå for andre gong prøver å bremse den gode utviklinga som har skjedd på tolkefeltet og innføre store kutt over hovuda på tolkar.

Det er likevel ikkje først og framst tolkar regjeringa bør tenke på, men rettstryggleiken til innbyggarar. Og dette forslaget er diverre dårleg nytt for rettsstaten.

Powered by Labrador CMS