Eit innlegg frå nitten advokatar i Ålesund skapar reaksjonar.

- Ein desentralisert domstolsstruktur legg best til rette for likheit for lova

- Vi går ikkje ut i media og tilrår at små advokatkontor fusjonerer for å få større fagmiljø eller for å verte meir effektive og fleksible, når vi som dommarar til tider opplever at advokatane ikkje held eit ønska faglig nivå, skriv tre tidlegare domstolsleiarar i eit svar til nitten advokatar i Ålesund.

Publisert

Nitten ålesundsadvokatar skriv at domstolsreforma må fredast og set fram ei rekke alvorlege påstandar det ikkje er faktisk grunnlag for. Som tidlegare domstolsleiarar i Volda, Molde og Kristiansund ser vi oss nøydd til å kome med korrigerande informasjon.

Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentenes meninger.

Fleire av ålesundsadvokatane har kun sporadisk opptrådt som prosessfullmektigar i saker som er iretteført i våre domstolar, somme ikkje i det heile tatt. Dette ber innlegget deira preg av.

Advokatane hevdar at «habilitet ikke ble ivaretatt på en god nok måte» i våre tre domstolar. Vi kan forstå at advokatar som ikkje når fram med si tolking av habilitetsreglane opplever dette som utfordrande.

Reglane om habilitet sterkt i fokus

Advokatane kan då anke tingretten si habilitetsavgjerd eller bruke inhabilitet som ankegrunn mot ei domsavgjerd. Rettstryggleiken til klientane er såleis godt ivaretatt.

Lovdata viser at ingen av dei fire domstolane i fylket vårt har fått oppheva domsavgjerder på grunn av inhabil dommar dei siste femten åra. Reglane om habilitet har stått sterkt i fokus i alle fire domstolane i fylket, nettopp fordi dette er spesielt viktig for rettstryggleiken.

Vi synes det er flott at advokatane opplever «bedre kvalitet på rettsmeglingen», men dette skuldast neppe opprettinga av ein ny domstol. Arbeidet med rettsmeklingsrutiner i den nye domstolen viste at dei fire domstolane i fylket i det vesentlege hadde like rutiner for handtering av rettsmeklingar.

Det er per i dag ikkje vedtatt eller gjennomført endringar i korleis den enkelte rettsstad gjennomfører meklingar eller kven som gjennomfører rettsmeklingar. Dette er venta å først tre i kraft ved årsskiftet.

-Vel så mange søkarar til våre domstolar

Vi kjenner oss heller ikkje igjen i påstandar om at rekrutteringa er bedre i store domstolar. Vi hadde vel så mange og like kvalifiserte søkarar til ledige stillingar i våre domstolar, som det har vore til ledige stillingar i Møre og Romsdal tingrett.

Advokatane hevdar også at «mange saker ble derfor utsatt i mange måneder på grunn av uforutsette hendelser som sykdom». Dette må i såfall gjelde tingretten i Ålesund, sidan vi ikkje kjenner til slike tilstandar i våre tre domstolar.

Vår oppleving er at det oftast er advokatane sin fulle kalender som har gjort at saker må utsettast lenger enn ønskeleg. Alle våre domstolar har hatt saksavviklingstider innenfor norma fastsett av Stortinget og i tillegg har alle kome godt ut av eksterne vurderingar av effektiviteten i domstolane.

- Fleksibiliten vanskeleg å utnytte

Domstolane i fylket vårt samarbeidde godt og tok saker for kvarandre ved kapasitetsproblem på grunn av sjukdom eller anna også før reformen. Budsjetta for å dekke desse reisene var avgrensa, og gjorde at denne fleksibiliteten var vanskeleg å utnytte fullt ut. Den nyoppretta fylkesdomstolen har foreløpig ikkje dei same budsjettmessige avgrensingane.

Regjeringa har signalisert at budsjetta til domstolane skal styrkast og vi legg til grunn at denne praksisen kan vidareførast også i dei gjenoppretta domstolane.

Vi opplever heller ikkje at fagmiljøet vil verte mindre av at domstolane i fylket vert gjenoppretta. Også før reformen samarbeidde vi faglig på tvers av domstolane, ikkje berre i fylket, men i heile landet.

Det gode faglige samarbeidet vil kunne fortsette også etter ei gjenoppretting og på same nivå som i dagens domstol med fleire rettsstadar. På same måte som for advokatar som arbeider ved små advokatkontor, er fagmiljøet ikkje avgrensa til kven du har på nabokontoret.

- God dialog meir effektivt

Derfor går vi ikkje ut i media og tilrår at små advokatkontor fusjonerer for å få større fagmiljø eller for å verte meir effektive og fleksible, når vi som dommarar til tider opplever at advokatane ikkje held eit ønska faglig nivå eller har så fulle kalenderar at det er nærast umogleg å få tidfesta saker innanfor dei måltala som er satt opp frå lovgjevar si side.

Det er vår erfaring at direkte konstruktive tilbakemeldingar og god dialog, er eit mykje meir effektivt verkemiddel.

Vi er opptatt av at rettstryggleiken skal vere like god for innbyggarane i heile landet og at det ikkje skal vere klasseskille mellom domstolane. Det er ein stor styrke for rettstryggleiken til borgarane at regjeringa no øyremerkar midlar for å styrke dei små domstolane ved at desse skal få tilsette embetsdommarar som erstatning for ein eller fleire dommarfullmektigar.

Ein desentralisert domstolsstruktur med stadleg leiing, der domstolane har lik tilgang til teknisk utstyr og ressursar, legg best til rette for likheit for lova. Då vil ein også syte for eit varig grunnlag for eit godt og velfungerane advokatmiljø også utanfor dei største byane. God tilgang på juridiske tenester er ein viktig rettstryggleiksgaranti.

Powered by Labrador CMS