Borgar Høgetveit Berg: Syng høgt og falsk når eg er på Roskilde

Erik Brannsten utfordret Borgar Høgetveit Berg i Thommessen som han treffer på nesten alle konserter han går på. – Jeg vil tippe han har en velfylt ipod, sier Brannsten!

– Hva har du av musikk på iPoden din?

– Det er for lite lagringsplass på den, slik at eg skiftar ganske ofte. Den siste tida har eg høyrt mest på Stein Torleif Bjella og Lars Håvard Haugen (Hellbillies) – som begge er barndomsvener frå Ål – og El Cuero, Audrey Horne, Honcho, Gluecifer, Farmers Market og Odd Bakkerud. Det store utlandet er for tida representert ved bl.a. Rival Sons, Supersuckers, Hellacopters, Dundertåget, Tool, Mastodon, Bad Religion og The Cult. Og så finst det vel alltid ein del grønsj – Pearl Jam, Soundgarden, Alice in Chains etc – og ei og anna gammal skive med Frank Zappa, Cold Chisel, Lynyrd Skynyrd eller Johnny Cash.

– Hva er favorittartisten din?

– Led Zeppelin. Eg anbefalar alle å sjå den nye konsert-filmen ”Celebration Day”!

– Spiller eller synger du selv?

– Dessverre la eg hardingfela på hylla for lenge sidan. Syng høgt og falsk når eg er på Roskilde.

– Hvor laster du ned musikk fra?

– Har aldri lasta ned noko som helst. Eg kjøper framleis mengder med CD’ar. Innhaldet på iPod, iPhone og iPad blir derfor revidert ganske ofte.

– Når hører du på musikk?

– På jobb. På T-banen. På reise. Men musikk er best live. Eg var nettopp på kanonkonsertar med Rival Sons og Ulf Lundell. Uffe er forresten Nordens Neil Young.

– Hvem vil du utfordre?

– Min gode venn Håvard Bergli i Advokatfirma Bergli er ein velreflektert person som det er verdt å lytte til. Eg har difor ein viss mistanke om at det er ein del interessant å lytte til også på iPoden hans.

 

Powered by Labrador CMS