ADVOKATJOBB:

Utgreiarar i Høgsterett

Søknadsfrist: 7. juni

Høgsterett er den øvste domstolen i landet og er ein prejudikatsdomstol. Høgsterett har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling innanfor dei rammene som følgjer av Grunnlov og lov.

    Høgsterett har ei juridisk utgreiingseining der du får

    • spennande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
    • høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
    • arbeide for nokre av dei fremste juristane i landet
    • unik praksis for alle juridiske stillingar
    • jobbe i eit godt og triveleg miljø


    Søknadsfrist: 7. juni


    Arbeidsstad : Oslo

    Jobbtype: Utgreiar

    Type stilling: Fast


    SØK STILLINGA

    Om stillingane

    I juridisk utgreiingseining er det ledig tre til fire åremål som utgreiar. Åremålet er på sju år utan høve til forlenging.

    Juridisk utgreiingseining har ein leiar, to nestleiarar, 21 utgreiarar og to protokollsekretærar. Utgreiingseininga arbeider for dommarane i Høgsterett. Arbeidet omfattar både sakene i Høgsteretts ankeutval og i avdelingane i Høgsterett. Utgreiarane behandlar materielle og prosessuelle spørsmål i saker frå alle rettsområde innan privatrett, offentlig rett og strafferett. Ved anke over dom skal utgreiinga for ankeutvalet avklare om saka reiser prinsipielle spørsmål som bør behandlast av Høgsterett. I saker der det blir gitt samtykke til ankebehandling, hjelper utgreiarane dommarane både under saksførebuinga og i samband med ankeforhandlinga. Anke over orskurd og vedtak blir utgreidde slik at ankeutvalet kan avgjere saka endeleg. I tillegg har utgreiarane andre, varierte oppdrag for justitiarius, dommarane og direktøren.

    Stillinga krev svært gode juridiske kvalifikasjonar. Søkjarar må ha fullført profesjonsstudiet/ masterstudiet i rettsvitskap eller cand.jur. med svært gode eksamensresultat. Det vil bli lagt vekt på evne til å kombinere grundigheit og effektivitet, på god skriftleg framstillingsevne og på samarbeidsevner. Gode engelskkunnskapar er ein fordel. Kandidatar som fullfører våren 2021 kan også søkje.

    Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis til advokatløyve.

    Løn

    Stillinga som utgreiar blir ved tiltreding lønt frå 500 000 kroner til 710 000 kroner (1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar), alt etter kvalifikasjonar. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten. Tilsetting skjer elles på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for tilsette i staten.

    Slik søker du

    Vi ser inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for medarbeidarar som treng det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjar i desse gruppene, det vil seie for å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane fylle visse krav. Les meir om krava i Arbeidsgiverportalen

    Vi oppmodar søkjarar om å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbportalen vil bli brukt som grunnlag for anonymisert statistikk som blir utarbeidd på grunnlag av opplysningar som alle statlege verksemder rapporterer inn.

    Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

    Ta kontakt med utgreiingsleiar Birthe Aspehaug Buset eller nestleiar
    Christine S. Weigård på telefon 22 03 59 00 for nærare opplysningar om stillinga.

    Søknadsfristen er 7. juni 2021. Send søknad elektronisk via jobbnorge.no.

    Powered by Labrador CMS