ADVOKATJOBB:

HR rådgivar - jurist

Søknadsfrist: 10. mai

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.


Søknadsfrist: 10. mai


Arbeidssted: Grev Wedels plass 5, 0151 Oslo, Norge

Jobbtype: Seniorrådgivar HR - Jurist

Type stilling: Fast, Heltid


SØK STILLINGEN HER

Forsvarsbygg jobbar med å ta vare på og utvikle eigedom, bygg og anlegg for heile forsvarssektoren. HR er ein viktig strategisk partnar inn i dette arbeidet, og vi søker no til ei nyoppretta stilling etter ein ny dyktig kollega med juridisk kompetanse som vil vere med å styrke arbeidsgivarfunksjonen i Forsvarsbygg. Seksjonen har i dag 18 rådgivarar i tillegg til leiar.

Det er stor etterspurnad etter HR-faglege råd og tenester og den rette kandidaten vil jobbe både strategisk og operativt innanfor arbeidsgivarfunksjonen. I Forsvarsbygg vil du arbeide med eit stort spekter av problemstillingar og samarbeide med eit breitt fagmiljø.

Vår nye medarbeidar må vere positiv og engasjert, med eit ønske om å bidra til at HR jobbar godt saman, og som bygger relasjonar og skapar tillit ute i organisasjonen. I tillegg må du ha kapasitet til å sette deg inn i komplekse problemstillingar og søke etter løysingar til beste for organisasjonen. Dine prioriterte arbeidsfelt vil vere omstilling, leiarstøtte og arbeidsrettslege problemstillingar. Personlege eigenskapar vil vere eit viktig suksesskriterium for å lykkast i stillinga og vil derfor bli særskild vektlagt.

Stillinga er organisert i HR under arbeidsgivarteamet og rapporterer til avdelingsleiar.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova – jamfør særleg offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no

Arbeidsoppgåver

  • Leiarstøtte og rådgiving med vekt på arbeidsrettslege problemstillingar
  • Ta hand om og utvikle arbeidsgivarrolla
  • Samhandling med dei tillitsvalde
  • Utvikling og praktisering av regelverk og prosedyrar
  • Utviklingsprosjekt knytt til fagområdet
  • Generell HR rådgiving
  • Andre arbeidsoppgåver innanfor seksjonen sine ansvarsområde må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettvitskap
  • Ønskeleg med erfaring innanfor arbeidsrett, gjerne knytt til statstilsettelova
  • Ønskeleg med erfaring innanfor kollektive avtalar, gjerne frå offentleg sektor
  • Må kunne tryggingsklarerast og autoriserast for nivå Hemmeleg/NATO Secret

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Du er strukturert og nøyaktig
  • Du er analytisk og løysingsorientert
  • Du er initiativrik og med god gjennomføringsevne
  • Du er sjølvstendig og trygg i møte med ulike omgivnader

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) frå kr. 608 200 til kr. 768 500 (lønnstrinn 67 til 78)
  • Gode moglegheiter for utvikling og vidareutdanning, både fagleg og personleg
  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
Powered by Labrador CMS